Aufera AS er ei vekstbedrift som skal leggje til rette arbeidsplassar for alle personar som har ei restarbeidsevne, uansett årsak til yrkeshemming.
Trivsel – Kvalitet i alt me gjer – Mot
Aufera AS er eit aksjeselskap som er eigd av kommunane Austrheim, Fedje og Alver.
Varig tilrettelagt arbeid er ein arbeidsplass for deg som har uførepensjon frå NAV, men som har ei restarbeidsevne som kan nyttast ved god tilrettelegging og opplæring.
Kommunale plassar er ein arbeidsplass for deg som fell utanom andre ordningar og rettar, men kommunen din ønskjer å leggja til rette for at du får jobbe.
For varig tilrettelagt arbeidsplass må du søkje på NAV om å få jobbe på Aufera.